onsdag 17. november 2010

OPPSUMMERING

Eg visste vel ikkje heilt kva eg gjekk til da eg melde meg på dette kurset. Var vel ikkje heilt overbevist om at skulle klare å gjennomføre kurset og om min tilårskomne data ville overleve. Men vi har kome oss gjennom kurset begge to, og eg har i alle fall  lært mykje. Det har gått mykje tid til dette, så hybelkaninane har fått vekse fritt dei siste vekene!
Akkurat no surrar det mykje rundt i hovudet. Nokre tema vil eg nok repetere eller sjå nærmare på seinare, medan andre ting ikkje vil bli brukt. Eg håper kursbloggen til fylkesbiblioteket blir verande ei stund i Nettskya. Den kan vere god å ha og ty til.
Igooglesida mi skal eg nok arbeide meir med på mi eiga maskin (går ikkje på kommunen sine). Eg har vel vore ein passiv Facebookbrukar til no, men det kan no endre seg.
Kanskje startar vi opp Facebookside for biblioteket i nær framtid. Det hadde vore greitt om vi var fleire frå biblioteket som hadde deltatt  på dette kurset. Vi bør vel sette opp visse reglar om bruken før vi går i gang. Det er viktig at alle tilsette bidreg med innlegg, til dømes bokomtale.

Elles har eg lært mykje om biletbruk. Flickr var nyttig og google docs har eg lyst til å bruke meir. Kanskje kan vi finne nokre felles prosjekt å jobbe vidare med. Bokelskere er også interessant, og noko vi kan anbefale brukarane våre. Origo (Kystpuls) bør vi bli flinkare til å bruke.

Og så har det vore kjekt å jobbe med sin eigen blogg. Det har ikkje blitt så mykje tid til å pynte på den. Det viktigaste har no vore å kome seg gjennom alle kursdelane. Tusen takk til Siv og fylkesbiblioteket for eit flott kurs!

torsdag 11. november 2010

WIKI

Wikipedia, leksikonet, har eg brukt lite. Er vel framleis litt skeptisk til om alt der korrekt. Skuleelevar bruker derimot Wiki flittig. Sjølvsagt vil ein finne oppslag om nyare tema i Wikipedia enn i det tradisjonelle Store norske leksikon. At ein kan lage sin eigen Wiki, var nytt for meg. Eg har vore innom sidene som det er henvist til i oppgåva. BibliotekSATS kjenner eg til når eg berre får tenkt meg litt om, har ikkje vore så aktivt inne på NBF sine sider det siste året. Det er greitt å ha samla aktuelt bibliotekstoff på ein plass.

Eg prøvde meg på PbWiki og la inn ei kort bokomtale. Skal nok prøve meg på den andre oppgåva i kveld.
Eg ser det er ikkje enkelt å få sitje i ro med oppgåvene i arbeistida, så det har blitt litt mykje kveldsjobbing heime!

Eg fann elles ut kvifor eg har problem med å spele av video på min eigen PC. Det er eit program som ploppar opp i tide og utide slik at eg må velge Run on. Klikkar eg på dette, fungerer videosnuttane som dei skal.

onsdag 10. november 2010

PODKAST

Podcast er noko eg forbinder med NRK, sikkert på grunn av all reklamen deira. Hadde ikkje trudd dette var noko for meg, men så feil kan ein altså ta. I går rota eg meg inn på iTunes og lasta ned programmet deira på maskina mi. No må eg vel skaffe meg iPod eller mp3 spelar også! Inn til vidare får min gamle berbare PC duge.  ITunes har ei mengd med podkastar på oversikta si, men mykje på engelsk.

Eg har også vore innom NRK si side og har lagt til BOK i P2 som RSS på iGoogle sida mi.

Bok i P2

Eg har også vore innom lenkene til podkastsider som det er vist til i oppgåva og likte best:

Bokpods i Oppland

Podkast kan vere ein fin måte å informere brukarane om nye bøker eller tema, anten via heimeside eller ei Facebookside for biblioteket. Så flott det hadde vore om vi kunne fått lagt inn lyd også . Kanskje dette hadde vore ei interessant oppgåve for leseglade ungdommar.

tirsdag 9. november 2010

YOUTUBE 2

Eg sjekka YouTube på jobbmaskina mi og der fekk eg spelt av videoane. Det er elles mange morosamme videosnuttar å finne om ein har tid til å leite. Kanskje kan YouTube brukast i samband med bibliotekreklame, marknadsføring på nett.
Eg fall for denne filmen som dukka opp på bibliotekpostlista i dag. Eg fann filmen på YouTube når eg søkte på Finland og Library. Bibliotekforeninga i Finland har lagt denne ut på sida si med tittel: "Like father, like son":
Men korleis forminskar ein størrelsen, breidda på filmsnutten?? Utruleg, eg klarte  det sjølv ved å endre tala for breidda i  sjølve htlm-koden!

mandag 8. november 2010

YOUTUBE

Eg har framleis problem med Flash Player, får ikkje spele av videoane i YouTube. Eg får melding om at eg må laste ned Flash Player sjølv eg har den frå før av. Eg prøvde likevel å kopiere Htlm-koden og la den inn i bloggen. Der fungerer videoen merkeleg nok. Denne Mr Bean filmen vart kanskje i lengste laget. Skal prøve å finne ein annan video i morgon:

søndag 7. november 2010

FLICKR

Flickr har eg høyrt om før sjølv om eg ikkje har brukt dette aktivt. Har vel leita etter bilete , men bruker mest images på Google. Under Norge var det på Flickr ikkje uventa mange bilete av Fjords!
Eg søkte på books og library, også under creative commons. Der fann eg eit koseleg bilete av ein bamse som titta inn i bokhylla. Tenk om ein kunne bli møtt av eit slik syn innimellom alle bøkene våre.


http://www.flickr.com/photos/snugglepup/3682139409/

Eg søkte også litt på Ole Bull og fann ein mengde bilete. Mange av desse tilhøyrer eller finst ved Bergen off. bibliotek.

TWITTER

No har eg utforska Twitter litt, men utan å opprette konto sjølv. Det blir fort for mange kontoar å halde styr på! Eg søkte opp bibliotek og fann ut at det er ein del bibliotek som bruker twitter. M.a. var eg innom Time bibliotek si side (opna nytt bibliotek i oktober), Bømlo bibliotek og Ski bibliotek. Desse sidene (utforminga) liknar mykje på bloggsidene vi oppretta i Google.
Eg søkte også opp folk frå Florø som er aktive på Twitter. Her er både politikarar, journalistar og andre lokale kjendisar. Eg veit ikkje om Twitter er det biblioteka først og fremst bør satse på. Eg ser også at nokre bibliotek har både facebook, twitterside/blogg. Korleis får ein tid til å halde desse oppdaterte?

Eg fekk ikkje til å sjå på videoane på bloggsida. Prøvde å laste ned Flash player, men fekk melding om at den allereide var innstallert!

tirsdag 2. november 2010

ORIGO

Origo har eg høyrt om før, og lokalsona Kystpuls er velkjent. No har eg registret meg som medlem her også. Kultur brukar Kystpuls til å informere om arrangement. Biblioteket har ikkje vore så flink til å bruke Kystpuls (difor fekk eg heller ingen treff på bibliotek-arrangement!). Origo/kystpuls kan vere ein viktig plass for å få ut gratis informasjon om bibliotekarrangement. Ein kan også vere heldig å få eit oppslag i Firdaposten under "Plakaten" på torsdagar. Det gjekk utruleg treigt å søke, navigere seg på Kystpulssida. Anten er det dataen min som er treig, eller så er halve Florø logga på sida!
Det er elles ikkje alltid så kjekt å lese innlegga på Kystpuls eller nettavisa til Firdaposten. Irriterer meg lett for mykje over språkbruk/skrivefeil.
I morgon får eg prøve meg på twitter. Eg heng vel litt etter på kurset. På jobb går det mest i MM3 for tida.

søndag 31. oktober 2010

FACEBOOK

Ja, no har facebookskeptikaren Eli også fått profil på facebook. Bilete får vente litt. Har fått nokre venner, både bibliotekfolk og bibliotek. Har også søkt og funne ein del familiefolk på facebook, så kanskje eg kjem til å ta Facebook meir aktivt i bruk seinare. Synest førebels det vert mykje kommentarar om liker det og liker det. Det er sikkert meir aktuelt å opprette facebookside for biblioteket. På sikt kan ein nå fleire brukarar, trur eg. Men dette krev jo også at personalet har tid til å følgje opp sida.

onsdag 20. oktober 2010

Nettsamfunn

Eg har lese nokre av artiklane det er henvist til i oppgåva. Eg har ikkje brukt Facebook,Twitter eller andre sosiale nettsamfunn før. Er vel blitt litt skremt av kva folk kan finne på å legge ut utan tanke på konsekvansar. Det vi skriv blir jo søkbart og synleg for alle. Og så har det vore ein del id-tjuveri også. Kanskje oppfattar andre det vi skriv annleis enn det vi hadde meint å formidle. Men slik kan det jo også vere når vi skriv e-postar. På nettet er det berre så mange fleire som les kva vi skriv. Eg synes ikkje det er interessant å lese detaljar om t.d. kva folk et til middag! I artiklane eg las er det 2 punkt eg spesielt hugsar. 1. Balansepunktet mellom det å vere personleg, men ikkje privat. 2. Skeptikarane er ofte dei som ikkje brukar det sjølv (er eg ein av dei?). Eg vil i alle fall vere forsiktig med å  skrive om private ting, eller noko som nokon kan ta ille opp, heller ikkje legge ut bilete utan samtykke.
Skal biblioteket lage blogg eller facebookside, må vi ha klare reglar om kva vi skriv om, og då helst faglege saker.

mandag 18. oktober 2010

Sosiale bokmerker

No har eg utforska del.icio.us og snubla litt rundt på stumbleupon. Eg synest desse bokmerkingstenestene blir litt for mykje av det gode. Eg søkte m.a. på Books. Ein må i alle høve ha god tid om ein skal ha nytte av desse tenestene i referansearbeidet.
Eg har også vore innom Buskerud fylkesbibliotek sine bokmerker på Del.icio.us. Men så kom eg til Bokelskere.no, og her vart eg verande! Ja, no er eg ein av medlemmene frå Sogn og Fjordane. Dette blir vel mest til privat bruk. Det kan vere greitt å ha ein oversikt over bøker ein har lyst å lese også. Det er ikkje alltid så lett å hugse titlar i ettertid. Kategorisere bøkene får eg gjere seinare. Eg har lagt til både Bokelskere og Librarything som bokmerke på Igooglesida mi. Kanskje Del.icio.us skal få ein ny sjanse! Desse bokrelaterte tenestene kan sikkert vere interessante for bilbiotekbrukarane også. Eg har vore innom Librarything, ser ut til at det er mykje engelskspråkleg litteratur her. Det er ikkje utenkeleg at eg blir medlem her også. Det blir mange passord å hugse på etter kvart!

Morgen i Jenin

Her er ei av bøkene eg la inn i bokelskere.no. Morgen i Jenin av Susan Albuhawa. Boka gjorde sterkt inntrykk på meg då eg las ho i sommar.

torsdag 14. oktober 2010

Nyheitsstraumar og personlege startsider

No har eg oppretta IGoogle som startside og har endra veret til Bergen. Kan jo vere greitt å følgje med veret på mine gamle heimtrakter (er utflytta Osing). Elles er det meldt snø i neste veke i følge mannen i huset, som er meir opptatt av ver enn eg er. Skal tru om vinterdekka må på til neste kursdag! Og eg som også skal til Førde på kurs i MM3 både måndag, tysdag og onsdag. Eg må  prøve å kome ajour med leksene i løpet av helga. Igooglestartsida må eg nok jobbe meir med på mi eiga maskin. Det blei for kronglete å bruke jobbmaskina. Kommunen har gjort ein del dataendringar, før kunne eg bruke fleire faner som startside. No er det berre høve til å ha ei. Ein fordel med igoogle som startside, er at ting ikkje forsvinn når vi skifter maskin. Eg skal nok rydde litt opp på startsida. Det er ikkje alt her som er like interessant. Eg må bruke litt meir tid på å finne ut kva eg t.d. skal abonnere på. Så oppgåve 3 og 5 får vente til helga.
Seint laurdasgskveld: No har eg fullført oppgåvene. Eg har sletta sportsnyhetene, lagt til BT, Dagbladet, fybbloggen og Norske bibliotekblogger. Med tid og stunder vil eg nok rydde meir opp på sida. Igoogle kan bli svært nyttig. Her kan ein jo samle det ein brukar mest på ein plass.

Direkte kommunikasjon

Chatting har eg ikkje heilt sansen for. Det er vel meir for ungdommen, men kven veit, kanskje eg vert heilfrelst i løpet av kurset. Utflytta datter har lova å opprette gmailadresse, slik at ho kan trene mora si litt.
Elles blir vel Windows Messenger brukt ein del av yngstemann i huset. Gutane kommuniserer mykje via  WOW (world of warcraft) og andre spel. G-talken er innstallert på maskina mi og poppar opp kvar gong eg slår på maskina, likar vist å terge meg litt. Skype har eg høyrt om før. Det blir av og til brukt i samband med intervju i tilsettingssaker i kommunen. Eg har kamera på PCèn, men ikkje mikrofon. Eg har ikkje testa Skype på eigen PC, men det kan vere greitt å ha laste den ned. Kven veit kva ein kan få bruk for!

tirsdag 12. oktober 2010

På bølgjan blå

Det vart ikkje tid til chat i forrige veke, så det må eg ta igjen. Torsdag morgon reiste vi, personalgjengen i Kultur og fritid,  med Hurtigruta frå Florø til Bergen. Vi vart kursa i "Løft" av ei dame frå Molde. Ho hadde fått gynga seg i full stom ved Stadt! I Bergen vart det teaterbesøk, Min familie på Den Nationale Scene. Flotte skodespelarprestasjonar, er fan av Anne Marit Jacobsen. Men stykket var utruleg laaaangt, 3 1/2 time!
Fredag var vi på omvisning på Fana kulturhus. Fantastisk hus, men bibliotekfilialen på Nestun er ikkje integrert i bygget. Kulturgjengen fekk også testa ut bybanen. Eg har sjølv reist med banen fleire gonger i sommar.
Så vart det besøk på Ungdomshuset 1880, medan vi frå biblioteket gjekk til Bergens offenttlege biblotek. Her vart vi ikkje mykje inspirerte.

tirsdag 5. oktober 2010

Meir blogging

Det vart ikkje tid til å utforme bloggen i helga. Eg treng nok litt meir tid på meg. Har sett på nokre av kursdeltakarane sine bloggar og er imponert over kor langt mange er komne. Eg har også prøvd meg på å legge inn kommentar og meldt meg på som følgjar til nokre bloggar. Og så må eg finne eit spennande bilete. Sidan mange har bilete frå fjellturar, får eg vel som kytbuar velge eit frå sjøen. Då passar det godt at eg skal vere med Kultur og fritid til Bergen med Hurtigruta torsdag! Det får eg skrive meir om seinare.
Eg har så vidt begynt på Nettprat og har lasta ned G-talk. Kanskje eg får prøve meg på chat i morgon?

søndag 3. oktober 2010

Oppgåve om blogging

Eg er overraska over kor lett det var å opprette ein blogg, spesielt for meg som er ganske blank på sosiale media. Håper eg får tid til å sjå litt meir på utforminga av bloggen. Har vel også lært at har ein først oppretta gmailadresse, så bør den brukast i samband med kurset! Litt pinleg å sende feil lenke til bloggadressa mi 2 gonger til kursleiar. Jaja, ein lærer heile tida.

torsdag 30. september 2010

Kurs i sosiale media

Eg er på kurs for å lære om web 2.0 og sosiale media. Det er ganske interessant. Har lært mykje i dag.