søndag 31. oktober 2010
Ja, no har facebookskeptikaren Eli også fått profil på facebook. Bilete får vente litt. Har fått nokre venner, både bibliotekfolk og bibliotek. Har også søkt og funne ein del familiefolk på facebook, så kanskje eg kjem til å ta Facebook meir aktivt i bruk seinare. Synest førebels det vert mykje kommentarar om liker det og liker det. Det er sikkert meir aktuelt å opprette facebookside for biblioteket. På sikt kan ein nå fleire brukarar, trur eg. Men dette krev jo også at personalet har tid til å følgje opp sida.
onsdag 20. oktober 2010
Nettsamfunn
Eg har lese nokre av artiklane det er henvist til i oppgåva. Eg har ikkje brukt Facebook,Twitter eller andre sosiale nettsamfunn før. Er vel blitt litt skremt av kva folk kan finne på å legge ut utan tanke på konsekvansar. Det vi skriv blir jo søkbart og synleg for alle. Og så har det vore ein del id-tjuveri også. Kanskje oppfattar andre det vi skriv annleis enn det vi hadde meint å formidle. Men slik kan det jo også vere når vi skriv e-postar. På nettet er det berre så mange fleire som les kva vi skriv. Eg synes ikkje det er interessant å lese detaljar om t.d. kva folk et til middag! I artiklane eg las er det 2 punkt eg spesielt hugsar. 1. Balansepunktet mellom det å vere personleg, men ikkje privat. 2. Skeptikarane er ofte dei som ikkje brukar det sjølv (er eg ein av dei?). Eg vil i alle fall vere forsiktig med å skrive om private ting, eller noko som nokon kan ta ille opp, heller ikkje legge ut bilete utan samtykke.
Skal biblioteket lage blogg eller facebookside, må vi ha klare reglar om kva vi skriv om, og då helst faglege saker.
Skal biblioteket lage blogg eller facebookside, må vi ha klare reglar om kva vi skriv om, og då helst faglege saker.
mandag 18. oktober 2010
Sosiale bokmerker
No har eg utforska del.icio.us og snubla litt rundt på stumbleupon. Eg synest desse bokmerkingstenestene blir litt for mykje av det gode. Eg søkte m.a. på Books. Ein må i alle høve ha god tid om ein skal ha nytte av desse tenestene i referansearbeidet.
Eg har også vore innom Buskerud fylkesbibliotek sine bokmerker på Del.icio.us. Men så kom eg til Bokelskere.no, og her vart eg verande! Ja, no er eg ein av medlemmene frå Sogn og Fjordane. Dette blir vel mest til privat bruk. Det kan vere greitt å ha ein oversikt over bøker ein har lyst å lese også. Det er ikkje alltid så lett å hugse titlar i ettertid. Kategorisere bøkene får eg gjere seinare. Eg har lagt til både Bokelskere og Librarything som bokmerke på Igooglesida mi. Kanskje Del.icio.us skal få ein ny sjanse! Desse bokrelaterte tenestene kan sikkert vere interessante for bilbiotekbrukarane også. Eg har vore innom Librarything, ser ut til at det er mykje engelskspråkleg litteratur her. Det er ikkje utenkeleg at eg blir medlem her også. Det blir mange passord å hugse på etter kvart!

Her er ei av bøkene eg la inn i bokelskere.no. Morgen i Jenin av Susan Albuhawa. Boka gjorde sterkt inntrykk på meg då eg las ho i sommar.
torsdag 14. oktober 2010
Nyheitsstraumar og personlege startsider
No har eg oppretta IGoogle som startside og har endra veret til Bergen. Kan jo vere greitt å følgje med veret på mine gamle heimtrakter (er utflytta Osing). Elles er det meldt snø i neste veke i følge mannen i huset, som er meir opptatt av ver enn eg er. Skal tru om vinterdekka må på til neste kursdag! Og eg som også skal til Førde på kurs i MM3 både måndag, tysdag og onsdag. Eg må prøve å kome ajour med leksene i løpet av helga. Igooglestartsida må eg nok jobbe meir med på mi eiga maskin. Det blei for kronglete å bruke jobbmaskina. Kommunen har gjort ein del dataendringar, før kunne eg bruke fleire faner som startside. No er det berre høve til å ha ei. Ein fordel med igoogle som startside, er at ting ikkje forsvinn når vi skifter maskin. Eg skal nok rydde litt opp på startsida. Det er ikkje alt her som er like interessant. Eg må bruke litt meir tid på å finne ut kva eg t.d. skal abonnere på. Så oppgåve 3 og 5 får vente til helga.
Seint laurdasgskveld: No har eg fullført oppgåvene. Eg har sletta sportsnyhetene, lagt til BT, Dagbladet, fybbloggen og Norske bibliotekblogger. Med tid og stunder vil eg nok rydde meir opp på sida. Igoogle kan bli svært nyttig. Her kan ein jo samle det ein brukar mest på ein plass.

Direkte kommunikasjon
Chatting har eg ikkje heilt sansen for. Det er vel meir for ungdommen, men kven veit, kanskje eg vert heilfrelst i løpet av kurset. Utflytta datter har lova å opprette gmailadresse, slik at ho kan trene mora si litt.
Elles blir vel Windows Messenger brukt ein del av yngstemann i huset. Gutane kommuniserer mykje via WOW (world of warcraft) og andre spel. G-talken er innstallert på maskina mi og poppar opp kvar gong eg slår på maskina, likar vist å terge meg litt. Skype har eg høyrt om før. Det blir av og til brukt i samband med intervju i tilsettingssaker i kommunen. Eg har kamera på PCèn, men ikkje mikrofon. Eg har ikkje testa Skype på eigen PC, men det kan vere greitt å ha laste den ned. Kven veit kva ein kan få bruk for!

tirsdag 12. oktober 2010
På bølgjan blå
Det vart ikkje tid til chat i forrige veke, så det må eg ta igjen. Torsdag morgon reiste vi, personalgjengen i Kultur og fritid, med Hurtigruta frå Florø til Bergen. Vi vart kursa i "Løft" av ei dame frå Molde. Ho hadde fått gynga seg i full stom ved Stadt! I Bergen vart det teaterbesøk, Min familie på Den Nationale Scene. Flotte skodespelarprestasjonar, er fan av Anne Marit Jacobsen. Men stykket var utruleg laaaangt, 3 1/2 time!
Fredag var vi på omvisning på Fana kulturhus. Fantastisk hus, men bibliotekfilialen på Nestun er ikkje integrert i bygget. Kulturgjengen fekk også testa ut bybanen. Eg har sjølv reist med banen fleire gonger i sommar.
Så vart det besøk på Ungdomshuset 1880, medan vi frå biblioteket gjekk til Bergens offenttlege biblotek. Her vart vi ikkje mykje inspirerte.

tirsdag 5. oktober 2010
Meir blogging
Det vart ikkje tid til å utforme bloggen i helga. Eg treng nok litt meir tid på meg. Har sett på nokre av kursdeltakarane sine bloggar og er imponert over kor langt mange er komne. Eg har også prøvd meg på å legge inn kommentar og meldt meg på som følgjar til nokre bloggar. Og så må eg finne eit spennande bilete. Sidan mange har bilete frå fjellturar, får eg vel som kytbuar velge eit frå sjøen. Då passar det godt at eg skal vere med Kultur og fritid til Bergen med Hurtigruta torsdag! Det får eg skrive meir om seinare.
Eg har så vidt begynt på Nettprat og har lasta ned G-talk. Kanskje eg får prøve meg på chat i morgon?
Eg har så vidt begynt på Nettprat og har lasta ned G-talk. Kanskje eg får prøve meg på chat i morgon?
søndag 3. oktober 2010
Oppgåve om blogging
Eg er overraska over kor lett det var å opprette ein blogg, spesielt for meg som er ganske blank på sosiale media. Håper eg får tid til å sjå litt meir på utforminga av bloggen. Har vel også lært at har ein først oppretta gmailadresse, så bør den brukast i samband med kurset! Litt pinleg å sende feil lenke til bloggadressa mi 2 gonger til kursleiar. Jaja, ein lærer heile tida.
Abonner på:
Kommentarer (Atom)