Det vart ikkje tid til å utforme bloggen i helga. Eg treng nok litt meir tid på meg. Har sett på nokre av kursdeltakarane sine bloggar og er imponert over kor langt mange er komne. Eg har også prøvd meg på å legge inn kommentar og meldt meg på som følgjar til nokre bloggar. Og så må eg finne eit spennande bilete. Sidan mange har bilete frå fjellturar, får eg vel som kytbuar velge eit frå sjøen. Då passar det godt at eg skal vere med Kultur og fritid til Bergen med Hurtigruta torsdag! Det får eg skrive meir om seinare.
Eg har så vidt begynt på Nettprat og har lasta ned G-talk. Kanskje eg får prøve meg på chat i morgon?
Flott! Du finn lenkje til ei oversikt med g-mailadresser til kursdeltakarane på kursbloggen under fana Deltakarar. Lykke til med praten!
SvarSlett