No har eg oppretta IGoogle som startside og har endra veret til Bergen. Kan jo vere greitt å følgje med veret på mine gamle heimtrakter (er utflytta Osing). Elles er det meldt snø i neste veke i følge mannen i huset, som er meir opptatt av ver enn eg er. Skal tru om vinterdekka må på til neste kursdag! Og eg som også skal til Førde på kurs i MM3 både måndag, tysdag og onsdag. Eg må prøve å kome ajour med leksene i løpet av helga. Igooglestartsida må eg nok jobbe meir med på mi eiga maskin. Det blei for kronglete å bruke jobbmaskina. Kommunen har gjort ein del dataendringar, før kunne eg bruke fleire faner som startside. No er det berre høve til å ha ei. Ein fordel med igoogle som startside, er at ting ikkje forsvinn når vi skifter maskin. Eg skal nok rydde litt opp på startsida. Det er ikkje alt her som er like interessant. Eg må bruke litt meir tid på å finne ut kva eg t.d. skal abonnere på. Så oppgåve 3 og 5 får vente til helga.
Seint laurdasgskveld: No har eg fullført oppgåvene. Eg har sletta sportsnyhetene, lagt til BT, Dagbladet, fybbloggen og Norske bibliotekblogger. Med tid og stunder vil eg nok rydde meir opp på sida. Igoogle kan bli svært nyttig. Her kan ein jo samle det ein brukar mest på ein plass.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar