Eg har også vore innom Buskerud fylkesbibliotek sine bokmerker på Del.icio.us. Men så kom eg til Bokelskere.no, og her vart eg verande! Ja, no er eg ein av medlemmene frå Sogn og Fjordane. Dette blir vel mest til privat bruk. Det kan vere greitt å ha ein oversikt over bøker ein har lyst å lese også. Det er ikkje alltid så lett å hugse titlar i ettertid. Kategorisere bøkene får eg gjere seinare. Eg har lagt til både Bokelskere og Librarything som bokmerke på Igooglesida mi. Kanskje Del.icio.us skal få ein ny sjanse! Desse bokrelaterte tenestene kan sikkert vere interessante for bilbiotekbrukarane også. Eg har vore innom Librarything, ser ut til at det er mykje engelskspråkleg litteratur her. Det er ikkje utenkeleg at eg blir medlem her også. Det blir mange passord å hugse på etter kvart!
Her er ei av bøkene eg la inn i bokelskere.no. Morgen i Jenin av Susan Albuhawa. Boka gjorde sterkt inntrykk på meg då eg las ho i sommar.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar