onsdag 17. november 2010

OPPSUMMERING

Eg visste vel ikkje heilt kva eg gjekk til da eg melde meg på dette kurset. Var vel ikkje heilt overbevist om at skulle klare å gjennomføre kurset og om min tilårskomne data ville overleve. Men vi har kome oss gjennom kurset begge to, og eg har i alle fall  lært mykje. Det har gått mykje tid til dette, så hybelkaninane har fått vekse fritt dei siste vekene!
Akkurat no surrar det mykje rundt i hovudet. Nokre tema vil eg nok repetere eller sjå nærmare på seinare, medan andre ting ikkje vil bli brukt. Eg håper kursbloggen til fylkesbiblioteket blir verande ei stund i Nettskya. Den kan vere god å ha og ty til.
Igooglesida mi skal eg nok arbeide meir med på mi eiga maskin (går ikkje på kommunen sine). Eg har vel vore ein passiv Facebookbrukar til no, men det kan no endre seg.
Kanskje startar vi opp Facebookside for biblioteket i nær framtid. Det hadde vore greitt om vi var fleire frå biblioteket som hadde deltatt  på dette kurset. Vi bør vel sette opp visse reglar om bruken før vi går i gang. Det er viktig at alle tilsette bidreg med innlegg, til dømes bokomtale.

Elles har eg lært mykje om biletbruk. Flickr var nyttig og google docs har eg lyst til å bruke meir. Kanskje kan vi finne nokre felles prosjekt å jobbe vidare med. Bokelskere er også interessant, og noko vi kan anbefale brukarane våre. Origo (Kystpuls) bør vi bli flinkare til å bruke.

Og så har det vore kjekt å jobbe med sin eigen blogg. Det har ikkje blitt så mykje tid til å pynte på den. Det viktigaste har no vore å kome seg gjennom alle kursdelane. Tusen takk til Siv og fylkesbiblioteket for eit flott kurs!

torsdag 11. november 2010

WIKI

Wikipedia, leksikonet, har eg brukt lite. Er vel framleis litt skeptisk til om alt der korrekt. Skuleelevar bruker derimot Wiki flittig. Sjølvsagt vil ein finne oppslag om nyare tema i Wikipedia enn i det tradisjonelle Store norske leksikon. At ein kan lage sin eigen Wiki, var nytt for meg. Eg har vore innom sidene som det er henvist til i oppgåva. BibliotekSATS kjenner eg til når eg berre får tenkt meg litt om, har ikkje vore så aktivt inne på NBF sine sider det siste året. Det er greitt å ha samla aktuelt bibliotekstoff på ein plass.

Eg prøvde meg på PbWiki og la inn ei kort bokomtale. Skal nok prøve meg på den andre oppgåva i kveld.
Eg ser det er ikkje enkelt å få sitje i ro med oppgåvene i arbeistida, så det har blitt litt mykje kveldsjobbing heime!

Eg fann elles ut kvifor eg har problem med å spele av video på min eigen PC. Det er eit program som ploppar opp i tide og utide slik at eg må velge Run on. Klikkar eg på dette, fungerer videosnuttane som dei skal.

onsdag 10. november 2010

PODKAST

Podcast er noko eg forbinder med NRK, sikkert på grunn av all reklamen deira. Hadde ikkje trudd dette var noko for meg, men så feil kan ein altså ta. I går rota eg meg inn på iTunes og lasta ned programmet deira på maskina mi. No må eg vel skaffe meg iPod eller mp3 spelar også! Inn til vidare får min gamle berbare PC duge.  ITunes har ei mengd med podkastar på oversikta si, men mykje på engelsk.

Eg har også vore innom NRK si side og har lagt til BOK i P2 som RSS på iGoogle sida mi.

Bok i P2

Eg har også vore innom lenkene til podkastsider som det er vist til i oppgåva og likte best:

Bokpods i Oppland

Podkast kan vere ein fin måte å informere brukarane om nye bøker eller tema, anten via heimeside eller ei Facebookside for biblioteket. Så flott det hadde vore om vi kunne fått lagt inn lyd også . Kanskje dette hadde vore ei interessant oppgåve for leseglade ungdommar.

tirsdag 9. november 2010

YOUTUBE 2

Eg sjekka YouTube på jobbmaskina mi og der fekk eg spelt av videoane. Det er elles mange morosamme videosnuttar å finne om ein har tid til å leite. Kanskje kan YouTube brukast i samband med bibliotekreklame, marknadsføring på nett.
Eg fall for denne filmen som dukka opp på bibliotekpostlista i dag. Eg fann filmen på YouTube når eg søkte på Finland og Library. Bibliotekforeninga i Finland har lagt denne ut på sida si med tittel: "Like father, like son":
Men korleis forminskar ein størrelsen, breidda på filmsnutten?? Utruleg, eg klarte  det sjølv ved å endre tala for breidda i  sjølve htlm-koden!

mandag 8. november 2010

YOUTUBE

Eg har framleis problem med Flash Player, får ikkje spele av videoane i YouTube. Eg får melding om at eg må laste ned Flash Player sjølv eg har den frå før av. Eg prøvde likevel å kopiere Htlm-koden og la den inn i bloggen. Der fungerer videoen merkeleg nok. Denne Mr Bean filmen vart kanskje i lengste laget. Skal prøve å finne ein annan video i morgon:

søndag 7. november 2010

FLICKR

Flickr har eg høyrt om før sjølv om eg ikkje har brukt dette aktivt. Har vel leita etter bilete , men bruker mest images på Google. Under Norge var det på Flickr ikkje uventa mange bilete av Fjords!
Eg søkte på books og library, også under creative commons. Der fann eg eit koseleg bilete av ein bamse som titta inn i bokhylla. Tenk om ein kunne bli møtt av eit slik syn innimellom alle bøkene våre.


http://www.flickr.com/photos/snugglepup/3682139409/

Eg søkte også litt på Ole Bull og fann ein mengde bilete. Mange av desse tilhøyrer eller finst ved Bergen off. bibliotek.

TWITTER

No har eg utforska Twitter litt, men utan å opprette konto sjølv. Det blir fort for mange kontoar å halde styr på! Eg søkte opp bibliotek og fann ut at det er ein del bibliotek som bruker twitter. M.a. var eg innom Time bibliotek si side (opna nytt bibliotek i oktober), Bømlo bibliotek og Ski bibliotek. Desse sidene (utforminga) liknar mykje på bloggsidene vi oppretta i Google.
Eg søkte også opp folk frå Florø som er aktive på Twitter. Her er både politikarar, journalistar og andre lokale kjendisar. Eg veit ikkje om Twitter er det biblioteka først og fremst bør satse på. Eg ser også at nokre bibliotek har både facebook, twitterside/blogg. Korleis får ein tid til å halde desse oppdaterte?

Eg fekk ikkje til å sjå på videoane på bloggsida. Prøvde å laste ned Flash player, men fekk melding om at den allereide var innstallert!

tirsdag 2. november 2010

ORIGO

Origo har eg høyrt om før, og lokalsona Kystpuls er velkjent. No har eg registret meg som medlem her også. Kultur brukar Kystpuls til å informere om arrangement. Biblioteket har ikkje vore så flink til å bruke Kystpuls (difor fekk eg heller ingen treff på bibliotek-arrangement!). Origo/kystpuls kan vere ein viktig plass for å få ut gratis informasjon om bibliotekarrangement. Ein kan også vere heldig å få eit oppslag i Firdaposten under "Plakaten" på torsdagar. Det gjekk utruleg treigt å søke, navigere seg på Kystpulssida. Anten er det dataen min som er treig, eller så er halve Florø logga på sida!
Det er elles ikkje alltid så kjekt å lese innlegga på Kystpuls eller nettavisa til Firdaposten. Irriterer meg lett for mykje over språkbruk/skrivefeil.
I morgon får eg prøve meg på twitter. Eg heng vel litt etter på kurset. På jobb går det mest i MM3 for tida.