onsdag 17. november 2010

OPPSUMMERING

Eg visste vel ikkje heilt kva eg gjekk til da eg melde meg på dette kurset. Var vel ikkje heilt overbevist om at skulle klare å gjennomføre kurset og om min tilårskomne data ville overleve. Men vi har kome oss gjennom kurset begge to, og eg har i alle fall  lært mykje. Det har gått mykje tid til dette, så hybelkaninane har fått vekse fritt dei siste vekene!
Akkurat no surrar det mykje rundt i hovudet. Nokre tema vil eg nok repetere eller sjå nærmare på seinare, medan andre ting ikkje vil bli brukt. Eg håper kursbloggen til fylkesbiblioteket blir verande ei stund i Nettskya. Den kan vere god å ha og ty til.
Igooglesida mi skal eg nok arbeide meir med på mi eiga maskin (går ikkje på kommunen sine). Eg har vel vore ein passiv Facebookbrukar til no, men det kan no endre seg.
Kanskje startar vi opp Facebookside for biblioteket i nær framtid. Det hadde vore greitt om vi var fleire frå biblioteket som hadde deltatt  på dette kurset. Vi bør vel sette opp visse reglar om bruken før vi går i gang. Det er viktig at alle tilsette bidreg med innlegg, til dømes bokomtale.

Elles har eg lært mykje om biletbruk. Flickr var nyttig og google docs har eg lyst til å bruke meir. Kanskje kan vi finne nokre felles prosjekt å jobbe vidare med. Bokelskere er også interessant, og noko vi kan anbefale brukarane våre. Origo (Kystpuls) bør vi bli flinkare til å bruke.

Og så har det vore kjekt å jobbe med sin eigen blogg. Det har ikkje blitt så mykje tid til å pynte på den. Det viktigaste har no vore å kome seg gjennom alle kursdelane. Tusen takk til Siv og fylkesbiblioteket for eit flott kurs!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar