Podcast er noko eg forbinder med NRK, sikkert på grunn av all reklamen deira. Hadde ikkje trudd dette var noko for meg, men så feil kan ein altså ta. I går rota eg meg inn på iTunes og lasta ned programmet deira på maskina mi. No må eg vel skaffe meg iPod eller mp3 spelar også! Inn til vidare får min gamle berbare PC duge. ITunes har ei mengd med podkastar på oversikta si, men mykje på engelsk.
Eg har også vore innom NRK si side og har lagt til BOK i P2 som RSS på iGoogle sida mi.
Bok i P2
Eg har også vore innom lenkene til podkastsider som det er vist til i oppgåva og likte best:
Bokpods i Oppland
Podkast kan vere ein fin måte å informere brukarane om nye bøker eller tema, anten via heimeside eller ei Facebookside for biblioteket. Så flott det hadde vore om vi kunne fått lagt inn lyd også . Kanskje dette hadde vore ei interessant oppgåve for leseglade ungdommar.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar